BB683-Ametyst sc

Ametyst

Roman av Ola Jonsmoen

ISBN 9788290346824

Kjøp boka på tynsetbok.no

Livet i ein norsk småby eller tettstad er sjeldan prega av dei store sensasjonane eller dei bråe hendingane. Dei fleste har regelbundne liv, dei følgjer sine daglege rutinar innanfor ein rolle dei anten har fått eller sjølv teke.

Hovudpersonen Morten Furu Eriksen ber på eit stort sakn – far reiste frå mor og son før han kunne snakke. Kanskje var dette ei hending så sterk at guten ikkje hadde munns mæle før i seksårsaldaren da han med eitt sa «Ametyst». Og så la han til enda eit ord: «Ametyst Eriksen».

Dette er romanen som kan vere alle fra stader med folk vi alle kan kjenne igjen. Dei kan ha solide fasadar og dei gjer stort sett det som blir forventa. Men folk har løynde sider og dei sprengjer fra tid til anna alle bilete dei kan ha skapt om seg sjølv.

Kvardagsmenneske – kva er det, kva driv dei, korleis ter dei seg og kvifor er det så vanskeleg å vere menneskje med alle hugen sine botnar og berg.