BB158-COVER JOHANNES print

Johannes i juli

av Unni-Lise og Ola Jonsmoen

ISBN 9788290346916

Kjøp boka på tynsetbok.no

Sjå omtale på Alvdal – midt i væla: Ny Johannes-bok inspirert av sirkus.

Johannes opplever sommaren heime på garden og etter kvart på setra med alle dei gjeremåla som høver i seterlandskapet. Saman med søskena går sommaren som ein røyk med mykje godver, men og regn og blest.

Bøkene i Johannes-serien er: Johannes i sporet. Hysj, hysj! (2009), Johannes til fjells. Sjå, sjå! (2010), Johannes og villreinen. Hør, hør! (2011), Johannes og nordlyset (2012), Johannes og bjørnen (2013), Johannes i vinden (2014) og Johannes i snøen (2015). To er omsatt og utgitt på engelsk, dei om villreinen og nordlyset.

Forfattar og illustratør har utgitt over 60 bøker, dels kvar for seg, men oftest saman. Bøkene om Johannes handlar om å oppleve, strekke seg – og mestre. I så måte er dette ein verdifull serie slik den gir særleg bygdebarn en tryggare identitet knytta til naturopplevingar og livsrammene slik vi i dag finn dei på bygda.